Fredag 07.apr 2017 kl. 22:00

Maesa Pullman & The Last Hurra(h)!!

Vossa Jazz / Park
Voss

Produsenten, musikaren og låtskrivaren HP Gundersen sitt band The Last Hurrah!! har fått svært mykje merksemd dei siste åra, både nasjonalt og internasjonalt. Dei to fyrste albuma hadde stått på «nypsykedelisk folk- og verdsmusikkhylla» i platebutikken om det fantes ei slik, og bar sterkt preg av Gundersen sin gitar, lange låtar og eksperimenterande komposisjonar.
På det tredje albumet, «Mudflowers» frå 2015, har bandet teke eit stort steg i retning av amerikansk folk og country frå 60- og 70-talet, og meir tradisjonell låtskriving.
Med seg til Voss har dei vokalisten og låtskriver Maesa Pullman fra Los Angeles. Ho har ei stemme av gull, og reknast å vera mellom dei ypparste representantane for (retta frå DEN ypparste til mellom dei ypparste) den gryande folk rock-renessansen i California for tida.
«Mudflowers» fekk strålande kritikk over heile fjøla, og Aftenposten skreiv i ein omtale: «The Last Hurrah!! får dypdykk i amerikansk tradisjonsmusikk til å høres enkelt ut. Bak ligger et liv med lytting, vedvarende begeistring og bunnsolid håndverk. HP Gundersen skaper musikk som kommer deg i møte som gamle kjenninger og helt nye venner.»
Konserten vil innehalde både stoff frå The Last Hurrah!! og Maesa Pullmans eigne komposisjonar.

Maesa Pullman – vokal, gitar
HP Gundersen – gitar, pedal steelgitar
David C. Vogt – fiolin
Henrik Paulsen – el-gitar
Kåre Sandvik – keyboards
Jason Hiller – bass
Bjørn Sæther – trommer

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa enkeltbillett til berre denne konserten.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev