Søndag 13. okt 2024 kl. 16:00

Knut Reiersrud og Iver Kleive

Jølster Jazzklubb / Helgheim kyrkje
Jølster

Det legendariske radarparet Iver Kleive og Knut Reiersrud treng knapt nokon nærare presentasjon. I snart 30 år har dei med jamne mellomrom spelt for fullsette kyrkjer og konsertlokales Norge rundt. Med utgangspunkt i norske folketonar, salmar og eigne komposisjonar har Iver og Knut lagt ein ny dimensjon til tradisjonell kyrkjemusikk.
Mange hugsar deira utgjevingar «Blå Koral» (1991), som fekk Spellemannprisen, «Himmelskip» (1996) og «Nåde over Nåde» (2006) som vakre bautaer over den langvarige sivilisasjons-kollisjonen mellom europeisk kyrkjemusikk og afroamerikansk rytmikk og tonefølelse

Knut Reiersrud – gitarar
Iver Kleive – orgel

Konserten blir arrangert i samarbeid med Førdefestivalen

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev