Love. Amour. Liebe.
På sjølvaste 17.mai står jazzen på Swing´n Sweet i eit kjærleikens teikn. Karina Opdal hentar fram godbitar frå arkivet, og saman med eit herlig knippe musikarar får publikum ein smak av både svingande jazza saker, forførande latin og sødmefylte ballader – ei deilig stund på vesle Ole bull er i vente altså. Og ikkje nok med det, på slik ein festens dag må det då også dukka opp nokre overraskingar – kven og kva som hoppar opp av eska står att å sjå!
Karina Opdal – vokal
Heine Bugge – trekkspel
Ugo Santangelo – gitar
Paul Fawcus – Saksofoner/klarinett
Alex Grieg – kontrabass
Fredag 17. mai 2019 kl. 13:30
Karina Opdal med band
Swing N Sweet Jazzclub / Lille Ole Bull Scene
Bergen