Barnejazzkonsert med vanndråpen VANNDERS og BADEKARANE
Kjetil Olai Lundø: kontrabass, Ivar Kolve: vibrafon, trommesett, Norvald Dahl: piano
Har du lyst å vere med badekarane Ivar, Norvald og Kjetil når dei fylgjer Vannders si fyrste vandring isitt krinslaup? Vannders legg nemleg ut på ei eventyrleg reise kor han møter på mellom annaSkyline Bomullsdottir, Jan Klåd Vanndam og bekkeførar Beckstrøm. Det blir mykje musikk, kostymar og til og med ei dokke i denne vann-vittig morosame konserten! Førestillinga er produsert av Fylkeskonsertane i Hordaland.