Lørdag 12. okt 2024 kl. 19:30

Eyolf Dale trio

Jølster Jazzklubb / Thon Jølster Hotel, Skei
Jølster

Mange av dei store jazzpianistane har gjort noko av sitt finaste arbeid i små format: Bill Evans, Keith Jarrett, Brad Mehldau har alle hatt legendariske trioar, og no har Eyolf Dale òg ein, som seg hør og bør!
Musikalsk har Eyolf Dale alltid bevegd seg i eit melodisk og rytmisk utforskande, syngande og klangrikt leie, til glede for jazzelskarar verda rundt. I 2021 kom plata BEING, eit særs lyrisk og sjelfullt album i skjæringspunktet mellom jazz og klassisk, som fall i smak hjå både publikum og musikkpressa. «Hvis Chopin var jazzpianist hadde han høyrdest ut som Dale», har det vorte sagt om spelestilen hans.
Dale har med seg eit lag frå det absolutte toppsjiktet i norsk jazz. Trommeslagar Audun Kleive er ei levande legende i norsk jazzhistorie. Bassist Per Zanussi har markert seg som ein høgst original og søkande musikar og komponist. Med Kleive og Zanussi er det duka for eit uhyre tett og dynamisk samspel med både improvisasjon, uventa vendingar og gjennomarbeida komposisjonar frå øvste hylle.
Eyolf Dale – piano
Per Zanussi – bass
Audun Kleive – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev