Så er det tid for ei retteleg julegåve frå Voss jazzklubb. Denne onsdagen kjem ein vaskeekte jazzlegende til
Voss. Saksofonisten og trompetaren Daniel Carter frå Chicago har sidan 70-talet vore ei viktig stemme i det
kreative jazzmiljøet i heimbygda. Han har dei siste åra gjeve ut fleire utmerka plater med blant andre bassi-
sten William Parker og trommeslagaren Gerald Cleaver. Til Voss kjem han med ein norsk/dansk kvartett som har
jobba saman i fleire år.
DANIEL CARTER (SAKSOFON OG TROMPET), ANDREAS RØYSUM (KLARINETTAR), CHRISTIAN MEAAS SVENDSEN (BASS) OG KRESTEN OSGOOD (TROMMER)