Jazzklassikarane er tidlause og velkjente, men teksten er gjendikta og historiane omarbeidd til vårt eige mål i vår eiga tid, framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. Når språket er vårt eige, får musikken høve til å komme nærare på lyttaren – og livet og leiken i det velspelande jazzensemble lyfter fram kvifor denne musikken har ein særstilling i mange jazz-hjerter.
Det nye albumet Ein song som liknar oss kjem i september 2024 med heilt nye gjendiktingar av klassikarar som “Autumn Leaves” (med tekst av Sylfest Lomheim), “The Night We Called It A Day” og “Do It The Hard Way”. Baker Hansen har frå før gjeve ut tre album, Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016) og Live i Oslo med John Pål Inderberg (2019), og turnert landet rundt på fleire hundre konsertar sidan 2010.
Fredag 24. jan 2025 kl. 19:00
Baker Hansen – Chet på Norsk
Biorama kulturhus / Biorama
Holmestrand