Baker Hansen har sidan 2010 leita etter svaret på dette i språk og samspel, basert på musikken som Chet Baker spelte.
Jazzklassikarane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist
Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss –
og konsertar fulle av kollektivt liv og leik i eit velspelande ensemble blir til øyreopnande opplevingar som publikum på godt over 200 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om.
Sigurd Rotvik Tunestveit song og gjendiktingar | Erling Skorpen trompet
Tore Flatjord trommer | Kjetil Jerve piano | Stian Andreas Egeland Andersen kontrabass