Oslo Jazzfestival 2018, onsdag 15. august

Frå jazzaula til jazzbula på Oslojazz onsdag

Der Marinemusikken og Daniel Herskedal baud på store bølgjer på havet, gav Charlotte dos Santos oss det perfekte lydsporet til ein roleg dag på flytemadrassa.

Scena i Universitetets aula var fylt med musikarar i stram givakt, klare for tingingsverket “Old Salt Legends” av komponist og tubaist Daniel Herskedal. Løytnant Knut Aalefjær (kjent frå m.a. Helge Lien Trio, men no tilsett i Marinemusikken) opna med marsj-skarptromme. Frå orkesteret eit dramatisk, triumferande tema. Det vart klart at Herskedal ikkje hadde latt inspirasjonen frå marine-estetikken gå hus forbi – lydsporet til dokumentarar om sjøens heltar, det opne hav, sjøslag. “Old Salt Legends” – sjøulkskrøner. Marinemusikken har samarbeida med jazzmusikarar før, m.a. Come Shine tidlegare i år. Det er noko poetisk vakkert i å mate jazzen sitt frisinn inn i Kongelige Norske Marines Musikkorps – ikkje berre er det staten, men det er forsvaret! Det er nesten absurd når Eyolf Dale bryt inn og bryt opp med pianokor i sitt eige vesle rom – gjennom heile konserten løftar slike brot musikken. I botnen ligg det gode komposisjonar – spesielt “Whale Song” skil seg ut, der blåsarane sitt seige tema blir spelt opp mot ein endå seigare groove frå trommene. Det er litt synd at arrangementa Marinemusikken har fått tildelt er av det konvensjonelle slaget – inn i mellom let det noko skulebokaktig med litt for mange enkle løysingar. Dette gjer at Marinemusikken tidvis blir ståande imot jazztrioen i staden for at dei ulike uttrykka smittar over i kvarandre.
Saka held fram under bildet.

Eyolf Dale og Daniel Herskedal med Marinemusikken (foto: Egil Austrheim/Oslo Jazzfestival)

Så bar det over på Herr Nilsen både for underteikna og Eyolf Dale. Han skulle spele med Kristoffer Kompen Kvintett også. Allereie på første låt, “Lunar Eclipse”, viste solistane kva vi kunne vente oss – dette er folk som kan handverket. Både Kompen og kompet er godt planta i jazzen, med referansar til historia også i låtnamn som “Duke” og “Tricky Sm”. Komposisjonane har likevel ein sterk, sjølvstendig identitet, noko som også gjeld musikarane i bandet – på “Ra” fyrte saksofonist Atle Nymo opp bandet, bassist Jo Skaansar gav eit kor som var ei lita låt i seg sjølv på “Dewbow” og på Sundown diska pianist Dale opp med eit særdeles smakfullt soloparti. Tenk at norsk jazz vart så heldige å få Eyolf Dale! Eit av høgdepunkta var “Duke” som kom til Kompen etter å ha strippa ned “It don’t mean a thing” til eit konsentrat, spelt så sakte, så sakte. Ein underleg lyd – som om Duke spelte under vatn. Konserten vart avslutta med “Wenches Café” – kafeen Kompen skildra som ei blanding av “etiopisk, jamaicansk og norsk brun bule” – og det var akkurat slik det lét! Eg trur publikum kunne ønske seg opp til fleire sett med Kompen Kvintett. “Bravo!”, “Glimrende!”, “Vakkert!” – det var godt å kome frå aula til bula der folk berre gaula.
Saka held fram under bildet.

Charlotte Dos Santos (foto: MatijaPuzar/Oslo Jazzfestival)

Til slutt skulle vi under Oslo Konserthus og til Røverstaden med Charlotte Dos Santos. Klubben var perfekt full av folk – og det først og fremst med ungdommar! Dos Santos si skremmande sterke debutplate Cleo har nok gått på “repeat” i heimane til mange av dei oppmøtte det siste året. Vi vil vere i det rommet som Dos Santos skaper på “Good Sign” – det tilbakelente, livsglade, drøymande soundet til Dos Santos har treft ein nerve. Kontrasten var stor frå sist underteikna såg Dos Santos – då måtte ho kjempe mot eit høglydt klientell på Vossa Jazz tidlegare i år. På Røverstaden var det eit knyst og lydhør publikum. Det var nesten som det var for stille i starten. Det let litt tynt frå scena. “Det er så mørkt her, skru opp lyset!” – nokon i publikum hadde tydelegvis skjønt det, for no losna det både for band og publikum. Basslinja teke frå Freddie Hubbard sin“Red Clay” vart møtt med jubel – Dos Santos sin “Red Clay” er definitivt ei av dei sterkaste låtane på plata. På scena er Dos Santos ein sterk frontfigur, ei sterk stemme som leverer musikken sin med eit nærver som tvingar lyttaren inn. Meir jubel – “Cleo” er ein vaskeekte hit! Som ekstranummer fekk vi høyre ein smak på ny musikk frå Dos Santos som vitnar om at dette er ei som ikkje blir verande på repeat, men går vidare og byggjer på den grunnmuren ho har lagt – vi kan berre gle oss!

I dag kan Oslojazz by på Trondheim Jazzorkester og Ole Morten Vågan, Zap Mama, Terje Rypdal Conspiracy med Palle Mikkelborg og solokonsert med Fred Hersch! Ut på byen med dykk!

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Jazzjam House Rules

Tullkattesnutene tar med barn ut i verden, Audun Ellingsen knipser klingende jazzmynt, ferske videoer, bookingnyheter og konsertinntrykk pluss et Jazznytt-intervju med Amalie Dahl!

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

Meld deg på vårt nyhetsbrev