Maijazz - 7. mai 2019

Fornya energi

John Scofield er fornybar energi og Tor Yttredal har sett saman eit kraftverk av eit band – Maijazz 2019 er godt i gong!

Maijazz har tradisjon for å booke store stjerner, samtidig som dei løftar fram lokale krefter på programmet. På den legendariske revyscena sto legenda John Scofield med sitt nye band, Combo 66. Dei er no ute på ein liten Noregsturne – Stavanger og Maijazz først ut. Ein kan ofte oppleve at stjernene skuffar, at dei kviler på namnet, og lullar seg inn i historien.
Dette gjeld ikkje John Scofield. Han spelar her og no.

John Scofield er, unnskyld meg, rørande bra. No er han 67 år, og i mine øyrer blir han berre betre med åra. Han blir endå meir skitten i fingerspelet, dreg endå meir i timen (ja, *taimen*). Og eg elskar når han bommar, som ein standup-komikar som stammar seg fram med perfekt timing. På “Southern Pacific” flyt han oppå, og du ser på heile kroppen hans korleis han jobbar mot og med grooven. Heile tida kjem deilig merkjelege, skakke innfall. Scofield har ein spelestil og ei tilnærming som frigjer han frå autopiloten. Han er umiskjennelig i sound, men repeterer ikkje dei same licksa slik mange av dei han kan samanliknast med gjer. Det er heile vegen kreativt. Han tek seg pausar, stoppar opp til han veit kva han skal seie eller er heilt i sonen slik at alt kan skje. Som i fripartiet på Bill Stewart sin komposisjon med det passande namnet, “F*** you, Donald”. Det er energi.


John Scofield. Foto: Trine Nessler Wichmann /Maijazz

Apropos energi – snerten i Bill Stewart si skarptromme er livets kilde! Stewart er ein av dei trommisane alle musikarar elskar. Og kombinasjonen Stewart og Scofield er ein draum. Dei utfyller kvarandre, dreg i kvarandre sin time. Når Scofield er heilt utanfor og Stewart insisterer på riden – eller trommesoloane til Stewart der han leikar seg med nokre av motiva til Scofield. Liveplata Enroute frå 2004, med Steve Swallow på bass, må vel seiast å vere av dei sterkaste platene på denne sida av årtusenskiftet. Såpass skilsetjande var den at tre unge og lovande du kanskje dreg kjensel på, reiste på Enroute-turné for ti år sidan.

“Cant Dance”, “Memorette” – Låtane til Scofield har ein koseleg undertone. Det er ofte snille, enkle akkordrekkjer. Bassist Vicente Archer har du kanskje høyrt med Robert Glasper Trio. Han vrir inn og ut på rytmiske motiv, og leverer eit inspirerande rytmisk schizofrent basskor! Dessverre druknar han i ein boomy basslyd store delar av konserten, sjølv om dette var verre på galleriet enn på parketten.
Scofield har blitt glad i hammondorgelet, og har m.a. samarbeida mykje med John Medeski. Gerald Clayton er kanskje ikkje like på heimebane på orgelet som på flygelet. Sjølv om vi får eit og anna raft kor, blir han likevel ein smule anonym og uinspirert på denne konserten. Det var tynn lyd frå flygelet, noko som kanskje stod i vegen for den stilen Clayton er best på – han treng fylde i botnen for å få dreisen.
Ekstranummeret blir tilsynelatande foreslått av ein geispande Stewart – “Hittin the jug” av Gene Ammons. Ein treeeig blues – no var også Clayton i sitt ess. Breidt glis på alle fire.

Genial musikarkombinasjon
Ein annan tradisjon for Maijazz er å fronte lokale musikarar. No blir det litt tynt å kalle Tor Yttredal for ein lokal musikar, med den CVen han har. Men Tor Yttredal har vore særskilt viktig for jazzen i Stavanger-regionen. Gjennom vidareutviklinga av jazzlinja på Universitetet og med 60 (i fylgje han sjølv) konsertar i Stavanger. Når han fekk spørsmål om å gjere denne konserten, var det på ein betingelse frå festivalsjef Per Hasse Andersen – “du må velje frå øvste hylle av norsk musikkliv”. Audun Kleive, Ole Morten Vågan og Ståle Storløkken. Øvste hylle.

Tor Yttredal er av ei sjeldan norsk jazzrase – eg kjem ikkje på mange andre som spelar sopransax som han. Han sparkar laust i forrykande løp, køyrer i gong resten av bandet. Komposisjonane han har teke med varierer frå episke fjellekko til pedaldrivne groovar. Yttredal klarer å teikne store linjer gjennom dei raske løpa og trillene, og knyt heile vegen identiteten i komposisjonane saman med koret. Han har eit overskot og ei lettheit i spelet som gjer at ein ikkje opplever det som hurtig, same kor mange tonar han pressar inn. Ja, litt sånn som Shorter.
Eg blir sittande å stirre på Audun Kleive store delar av konserten. Det er han som driv denne musikken. Han er så vilt presis, han har så mykje vilje og glede i spelet. Han spelar breispektra, i fleire tydingar av ordet. Lyden er brei, variasjonen er brei. Både i groove og i dei klangutforskande solopartia. Det breiaste smilet hadde eg i shuffle-grooven – haha, for ein leik. Om å gjere å ha lengst mogleg fills. Då storkoste Ole Morten Vågan seg, og Yttredal tok fullstendig fyr.


Audun Kleive. Foto: Øyvind Andersen/Maijazz

Vågan er kanskje ikkje den mest openberre kombinasjonen med Kleive og Storløkken. Ein kan lett tenkje at han druknar i dei vrengte synthane til Storløkken. Men Yttredal har rett og slett fått til ein genial kombinasjon i desse fire, temmelig ulike musikarane. Bass-soloen på “Perfect Audience” er eit av dei absolutte høgdepunkta denne kvelden – for ein melodi!
Ståle Storløkken treng litt tid på å vakne, men når han sparkar laust i høgoktans rhodes-race blir det reine vekkelsesmøtet på Spor 5. Og så hadde han eit herleg nedpå orgelparti i ei av dei mest harmoniske komposisjonane. Meir nedpå-orgel frå Storløkken – det var kakao!
Den ståande applausen seier sitt – dette var gøy, Tor Yttredal. Dei spelar også på Nattjazz i Bergen 31. mai, så då veit du kva du skal den dagen. Så får vi håpe at kvartetten går i studio først best.

I kveld ventar m.a. Marius Neset med Stavanger Symfoniorkester, Hildegunn Gjedrem og Myles Sanko.

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Jazzjam House Rules

Tullkattesnutene tar med barn ut i verden, Audun Ellingsen knipser klingende jazzmynt, ferske videoer, bookingnyheter og konsertinntrykk pluss et Jazznytt-intervju med Amalie Dahl!

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

Meld deg på vårt nyhetsbrev