Det blir stor stas når AFROBASS kjem til Vestnes fredag 18.september.
Afrobass leverer eit heftig og groovebasert uttrykk der funk, jazz, ørkenblues og vestafrikanske rytmar smeltar saman til noko heilt eige. Musikken er fysisk, drivande og kollektiv, med grooven i sentrum og improvisasjon som motor.
Det er bassist og låtskriver Lars Martin Vik i spissen som har med seg:
Kenneth Kapstad- trommer
Oddrun Lilja – gitar
Kouame Sereba – kalimba, vokal, perkusjon
Vegard Holum – trompet, elektronikk
Heidi Kvelvane- saxofon, fløyte
Vestnes Jazzklubb har søkt og fått midlar til å kunne nytte den sagnomsuste RYTMELEGENDEN Kouame Sereba til meir enn berre denne storslåtte konserten kl. 1800.
Vi har invitert elevar og lærarar i Vestnes kulturskule til ei ekstra oppleving med workshop i rytmer. Dette skjer same ettermiddag kl. 1500-1700. Resultatet får vi oppleve under konserten. Ja, det er berre å glede seg.
Vi takkar Sparebanken Møre med Teftmidlar og Tinde sparebank med pengegåve til workshoppen for elevane og lærarane i Vestnes kulturskulen
Denne gongen vert konserten i Myra kulturbygg der det er amfi og god plass til publikum.
Så KOM KOM og VIPPS billett til 655522 kr. 350,- /medl kr.250,-/Ung kr. 100,-