Lørdag 14. sep 2024 kl. 14:00

Aage Lade – solo piano – Arven etter Bill Evans

Jazzsirkelen / Quality Hotel Ålesund
Sorenskriver Bullsgate 7, 6002 Ålesund

Aage Lade – solo piano – 14.09 kl 14.00

Arven etter Bill Evans

Jazzpianist, arrangør og komponist Bill Evans (William John Evans 1929 -1980) var ei ny og viktig stemme i pianojazzen som slo i gjennom i New York på 60-talet, og vidare med stor gjennomslagskraft i åra som fylgde. Evans sitt fundament var be-bop, samt sine eigne originale utgåver av jazz standards, med hint til seinromantikk og impresjonistiske klangkonstellasjonar. Arven etter Bill Evans har slik sett blitt ein jazzklassikar.
Aage Lade presenterer her jazz standards og originale Evans låtar i eit enkelt soloformat – låtar som elles berre sjeldan finn vegen til jazzens ferskvaredisk anno 2024.

Billetter i døra:
200,-/150,-
gratis for ungdom

Pris:
200/150

Billetter døra. Gratis for ungdom.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev