”Hans svindlande sinne för det oväntade gör hans musik ständigt utmanande och överraskande. Nesets egenkomponerade musik är ömsom kantig och ekvilibristisk, med plötsliga taktbyten, och ömsom lyrisk och svindlande vacker.” (Annika Westmann)
Marius Neset er ein musikar som femnar svært breitt med musikken sin. Han har skrive ikkje mindre enn 3 orkesterverk for London Sinfonietta: Snowmelt, Viaduct och Geyser, som vart uroppført i Royal Albert Hall i september 2022, som ein del av BBC Proms-serien.
The Guardian sin legendariske jazzkritikar John Fordham har kalla han ”a young titan in European new music” i samband med den utselde konserten hans på Ronnie Scott’s i London, og han var den einaste musikaren busett i Europa som kom inn på Downbeat si liste «25 for the future, that will shape the future of the jazz in the years to come». Men i 2022 skreiv Brian Morton i Downbeat: “He’s not the future of European jazz, he’s the present.”
Marius Neset si musikarkarriere strekk seg over 20 år. Då han var berre rundt 20 år, turnerte han rundt heile verda med JazzKamikaze – dei spelte i USA, Asia og Nord-Afrika.
Til kvintetten som kjem til Stord, har han handplukka musikarane ut frå at dei skal vara kreative og spennande, men også ha tekniske og rytmiske evner som matchar komposisjonane hans.
To av musikarane har faktisk spelt med Marius heilt sidan 2003 då dei møtte kvarandre på Rytmisk Konservatorium i København, nemleg pianisten Magnus Hjorth, og Anton Eger, som har vore trommeslagar i Marius Neset Quintet heilt sidan bandet vart starta i 2011.
Dei to andre er frå London og svært aktive i fleire band. Pianisten Elliot Galvin har gitt ut fire trioplater, og soloplata hans vart ”Album of the Month” i The Guardian. Han har, som Marius, komponert bestillingsverk for London Sinfonietta. Bassisten Conor Chaplin har spelt mykje med Marius sin ”gamle” kvintett, er medlem i Dinosaur og har også spelt med Billy Cobham, Bobo Stenson, Jacob Collier og mange andre.
Marius Neset gjesta Stord Jazzklubb på Stord Jazzfest 2022, den gongen som medlem i Arild Andersen Group.
Marius Neset Quintet:
Marius Neset (NO) – sax
Elliot Galvin (UK) – keyboard
Magnus Hjorth (SE) – piano
Conor Chaplin (UK) – elbass
Anton Eger (SE) – trommer