Om utgivelsen

Hardanger Big Band (HBB) vart starta av musikalsk leiar Arild B. Nielsen i Jondal i 1987. 
Han har sidan starten leia og utvikla bandet, som i hovudsak har medlemmer frå Jondal og Kvam. 
Bandet har samarbeida med mange norske jazzmusikarar opp gjennom åra. 
I 2011 byrja HBB eit spennande konsertsamarbeid med jazzgitaristen Gisle Torvik. 
Med god støtte frå Norsk Jazzforum har dette samarbeidet resultert i denne innspelinga.