"New York Improvisations" cover
Kjetil Jerve
"New York Improvisations"
Dugnad Rec

Leikent meistermøte

PLATE: Pianist Kjetil Jerve har vore i New York og gjort det han kan best.

Kjetil Jerve er enno ung, og kan soleis framleis smykke seg med skildringar som «lovande» og «talentfull». Vi som er oppvaksne på Sunnmøre har sett han i dette lyset lenge nok til å sjå han som ein meir etablert utøvar. Difor blir eg ikkje direkte overraska av å sjå – eller høyre –han ved sidan av utøvarar som saxofonist Jimmy Halperin og bassist Drew Gress, men både omstenda rundt innspelinga, og ikkje minst resultet, er like fullt imponerande.

Utan at kvartetten hadde spelt saman før, tok Jerve med seg med nemnte bassist, saxofonist og ein ikkje-namngitt trommeslagar (og det kan vere like artig å halde det på den måten) inn i studioet Oktaven Audio i Mount Vernon, nord for New York by, og spelt inn ei rekkje leikne og lystige improvisasjonar.
Det er definitivt fritt, men likevel ikkje utprega fritonalt i særskild grad. Både Jerve og Jimmy Halperin har på kvar sin måte tilknyting til pianist Lennie Tristano, og det er nettopp den type kombinasjonen av disiplin og frileik ein gjerne knytar til han, som gjer seg gjeldande på New York Improvisations.
Frasa «vi har aldri spelt saman før» er definitivt ein klisjé i ein jazzsamanheng, men i dette tilfellet er det heilt klart ein gledeleg tilleggsfaktor til lyttinga. Dei fire stemmene har ein fantastisk harmoni mellom seg, og spelar i stor grad samtidig heile vegen (sett vekk frå duetten mellom Jerve og Halperin på siste spor). Likevel er lydbiletet svært klårt og velorganisert. Kombinasjonen av dette og at det likevel er gjennomført med ei laus og ledig haldning, trur eg er nøkkelen til suksess i denne samanhengen.

Eg vil tru Jerve har vore både spent og rimeleg frydefull både i forkant av og under møtet med desse musikarane, og dei kjenslane sprutar også ut av høgtalarane. New York Improvisations er lyden av rein glede og samkjensle, utført av musikarar med sikker og sterk framtoning.
Dei fire spora på plata har titlane «Perceive», «Receive», «Observe» og «Enjoy». Eg trur det siste er det viktigaste stikkordet.

Olav Opsvik

 

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Jazzjam House Rules

Tullkattesnutene tar med barn ut i verden, Audun Ellingsen knipser klingende jazzmynt, ferske videoer, bookingnyheter og konsertinntrykk pluss et Jazznytt-intervju med Amalie Dahl!

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

Meld deg på vårt nyhetsbrev