Nytt album. Nytt band. Samme vedunderlege vokal.
TORUN ERIKSEN vokal DAVID WALLUMRØD tangentar AUDUN ERLIEN bass ANDREAS BYE trommer
Torun Eriksen hadde allereie skrive musikk lenge då Bugge Wesseltoft på slump kom over ein demo, noko som har medført fire plater på Jazzland. Blandinga av bunnsolid handverk og ein identitet som gjer ho til ei av dei lettast gjenkjennelege røystene i landet. Med ny plate og nytt band utforskar Torun Eriksen den moderne songskatten med låtmateriale frå mellom anna Tom Waits, Pink Floyd, Paul Simon og Prince, samstundes som ho deler sine eigne knallsterke låtar.