KORPS UTEN SOUSA
Korpsbevegelsen har fått eit uventa løft, med Øyvind Skarbø si nye hovudsatsing Skarbø Skulekorps. Her er alle spor etter Sousa-marsjar og sur treblås renska vekk. Med eit toppalag sett saman av dei beste musikarane i Skandinavia, får vi ein time nyskreve musikk, og debutalbumet kom ut på Hubro i september 2019.
AFROBEAT MED TECHNO-BASS?
Fengande og uforutsigbart på same tid, med referanser til så mange sjangrar at det ikkje gir meining å prøve å kategorisere. Afrobeat med techno-bass? Samtidsmusikk for steel-gitar og banjo? 60-tals jazz med 80-tals synth? Skarbø Skulekorps er korps slik du aldri har høyrt det før.
SKARBØ SKULEKORPS BESTÅR AV:
EIRIK HEGDAL – C MELODY SAX, KLARINETT
SIGNE EMMELUTH – ALTSAX, ELEKTRONIKK
STIAN OMENÅS – TROMPET, SYNTH
IVAR GRYDELAND – PEDAL STEEL, GITAR
CHRIS HOLM – BASS, SYNTH
ØYVIND SKARBØ – TROMMER