Fredag 16. okt 2026 kl. 17:00

Signeringskonsert Tenorsaxslåttar

Big Dipper / Platebutikken Big Dipper
Oslo

Karl Seglem
samlar livsverk på LP og i notebok

På sitt nye album «Tenorsaxslåttar» spelar Karl Seglem hardingfeleslåttar solo på tenorsaxofon og gjer repertoaret tilgjengeleg for nye utøvarar. Prosjektet omfattar LP med 19 slåttar, ei notebok med 32 slåttar (for B-instrument) og fem nye videoar.
Frå øyre til øyre
Tenorsaxslåttar samler eit arbeid som strekkjer seg ganske langt tilbake, då Karl Seglem møtte og begynte å spela med hardingfelemeisteren Håkon Høgemo. Gjennom lytting, samspel og munnleg overføring har slåttane blitt ein del av Seglem sitt eige tonespråk som komponist og jazzmusikar.
– Det kjennest litt som å koma heim. Dei fleste av desse slåttane har eg lært gjennom å spela med Håkon Høgemo, lytta til han og lære av han. Det har forma meg som instrumentalist og hatt mykje å seie for tonespråket eg har skapt som tenorsaxofonist seier Karl Seglem.
Det er første gang desse slåttane er spelte inn solo på tenorsaxofon, og med eit dogme: Hardingfele-stemmingane legg føringane for toneartane. Melodi og form står i sentrum,krydra med nokre få eigne slåtteimprovisasjonar
– Dette er standardlåtane mine, og eg har laga ei slags norsk «Real Book». Eg håpar det kan bli fleire blåsane spelemenn i åra som kjem. At materialet vert spelt, arrangert og dansa til, slik ført vidare, seier Seglem.

https://youtube.com/@karlseglem

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev