Lørdag 02. apr 2022 kl. 20:00

Knut Riisnes Quartet

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Knut Riisnæs har gjennom førti år vore i fremste rekke blant norske jazzsaksofonistar og blir med rette kalla ein bauta i norsk jazz. Han har gitt ut fem eigne innspelingar, motteke to spellemannprisar og har gjennom åra delteke på utallige innspelingar med andre artistar. Han har også blitt tildelt Buddyprisen, som er den høgaste utmerkinga i norsk jazz.
Sidan november 2012 har Riisnæs vore leiar for ein kvartett med fire av våre mest rutinerte jazzmusikarar, som alle er heilt på heimebane innan den musikalske retninga bandet har staka ut, med tydelige røter i den moderne amerikanske jazztradisjonen.
Bandet har to plateutgjevingar bak seg: «2nd Thoughts» frå 2016, og «The Kernel» frå 2019, begge på Losen Records. Musikken er til tider hardtswingande, til tider sart og ettertenksam, med komposisjonar av bandmedlemene, i tillegg til bidrag henta frå så vel ”The Great American Songbook” som fra samtidige musikarkolleger.

Knut Riisnæs – tenorsaksofon
Anders Aarum – piano
Jens Fossum – bass
Tom Olstad – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev