Karl Seglem si kunstnariske bane og hans musikk er unik, i ordets beste forstand. Han er ein eigen sjanger. I samarbeid med produsent Alf Magne Hillestad har Karl Seglem no, gjennom meir enn dei to siste åra, utvikla musikken sin i nye retningar.
Mytevegar har urpremiere på Oslo Jazzfestival 17.august og blir spelt på Tolga – Snekkarlemmen Kulturlåve – som opprinneleg bestilte verket laurdag 19. august.
Musikken er ei vidareføring av utgjevingane Som spor og Nunatak, og verk som Tolgabukk og Verdsarv. Den raude tråden i hans musikalske og poetiske vevnad er ei alvorleg redsle og ei djuptfølt ro for klima- og miljøsituasjonen idag. Lyd, tankar, ord, bilder som opnar opp og tek lyttaren med inn i eit særeige musikalsk landskap. Som inspirasjon tek Seglem utgangspunkt i myten om Balders død, inkorporerer eigne dikt og norrøn tekst, smeltar bukkehorn inn i elektronikk og har ambisjonar om å skape ei totaloppleving ved å inkorporere naturelement på scena og bruka laser, bilder, lys på ein, for han, ny måte. Det er nært og intimt meir enn overdådig svulstig og spektakulært.
20. oktober 2023 kjem konseptalbumet med musikken: 2LP´en Mytevegar (Myth.Path.Hope). Med varierande besetningar turnerer Karl Seglem i Europa hausten 2023.