Søndag 12. nov 2023 kl. 20:00

Kampenjazz: Seglem Mytevegar

Kampenjazz / Cafeteateret
Oslo

Karl Seglem: tenorsaksofon, bukkehorn og stemme, Erlend Viken: feler og vokal, Andreas Vold Løwe: tangenter, Hallvard Gaardløs: bass og vokal, Kåre Opheim: trommer, Alf Magne Hillestad: perkusjon og elektronikk. Ove Nesheim, lyd
Foto Oddleiv Apneseth
Om nokon norsk musiker gjev klisjeen fjelljazz eit meiningsfylt innhald, så er det meisterdiktaren og multikunstnaren Karl Seglem. Solid forankra i norske musikalske tradisjonar, med mange og lange røter i fjella vest for vannskiljet. Han har skapt musikk som er ny, nyskapande og under stadig utvikling. Kven hugsar ikkje sitt første møte med Seglems musikk? Ingen kom uforandra frå det møtet.
Seglem turnerar Noreg og Tyskland hausten 2023 med eit nytt dobbeltalbum (2LP) i bagasjen, og gler seg til å framføra musikken og verket Mytevegar. Det peikar i fleire nye utfordrande retningar i Seglems eigenskapte musikalske tradisjon. Klima- og miljøproblematikk vert sett i samanheng med den norrøne myten om Balders død.
Jazz & poesi: Djup redsle. Djup ro. – på Kampenjazz!

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev