Lørdag 18. feb 2023 kl. 20:00

Into The Wild Hills

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Bandet sitt første album kom ut i 2018, og no er eit nytt like om hjørna. Oppfølgjaren ”Starter Kit” kjem ut 10. mars på Curling Legs. Musikken er enkel og leiken og gjev kvar musikar stort spelerom.

Into the wild hillls har ei blanding av generasjonar som er sjeldan i norsk jazzliv.
Bandleiar Morten Halle er å rekna som ein veteran (født 1957), Gunnar Halle (1965) og Helge Lien (1975) kjem frå mellomgenerasjonen, medan Christian Meaas Svendsen og Andreas Wildhagen (både 1988) med litt god vilje kan kallast unge. Bandet representerer og ei spanande blanding reint stilistisk: rytmeseksjonen har vore mest å høyra i frie improviserte settingar og i musikk som grensar mot samtidsmusikk, blant anna i Nakama og Ayumi Tanaka Trio.

Gunnar Halle har spelt i Pierre Dørges New Jungle Orchestra, og i mange settingar som grensar opp mot indie /pop. Morten Halle og Helge Lien er mest kjende for musikk i melodiøs nordisk tradisjon. Lien har dei siste åra ofte spela saman med Arild Andersen i tillegg til sin eigen trio. Morten Halle kan sjå attende på ein karriere på 40 år i norsk jazzliv og har vore med i band som Cutting Edge, Søyr , Jon Balkes Magnetic Orchestra og mange eigne prosjekt.

Morten Halle – sax
Gunnar Halle – trompet
Helge Lien – piano
Christian Meaas Svendsen – bass
Andreas Wildhagen – trommer

Tre minutt frå det nye albumet:
https://nmh.box.com/s/shjs0r7ct2qgiqoyoaluj2srhqz7uq3m

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev