Fredag 28. feb 2014 kl. 21:00

HAMASYAN/HENRIKSEN/BANG/AARSET

Bergen Jazzforum / Sardinen Usf
Bergen
Dørene åpner kl 20
 
Stjernesamarbeid med verdspremiere
 

TIGRAN HAMASYAN tangentar

ARVE HENRIKSEN trompet, røyst

JAN BANG live sampling

EIVIND AARSET gitar

Punktfestivalen har fostra eit samarbeid som no er klar for å erobra verda – første stopp er Sardinen.  Allereie som toåring viste Tigran ei ekstraordinær interesse for musikk, og var meir opptatt av pianoet og bandspelaren enn av vanlege leikar. Då han var tre spelte han etter Led Zeppelin-låter og som sjuåring oppdaga han jazzen. Arve Henriksen er ein sann improvistaør med verdas vakraste trompettone som like gjerne responderer frå lyder i salen som medmusikarane, medan Eivind Aarset er ein veteran og innovatør på same tid, alltid i forkant av kva som er mogleg å uttrykka på ein gitar. I bakgrunnen – tilsynelatande diskret – står Jan Bang og haustar lydar for å senda det beste tilbake i miksen. I juni speler dei inn plate med Manfred Eicher på ECM.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev