Eivind Austad Trio har eksistert i over 20 år. Repertoaret er eigenkomponert og farga av klassisk musikk, gospel, folkemusikk og moderne jazz, med referansar som Bill Evans, EST, Keith Jarrett, Brad Mehldau m.fl.
Eivind Austad er ein norsk jazzpianist utdanna frå jazzlina i Trondheim (NTNU). Dei siste 20 åra har han etablert seg som frilansmusikar med base i Bergen. Han har samarbeidd med fleire kjente artistar som Ole Hamre, Sigurd Køhn, Frode Alnæs og Sigvart Dagsland. Han underviser på jazzlina ved Griegakademiet og spelar m.a. i «Living Space» m/Kjetil Møster.
Magne Thormodsæter er professor ved Griegakademiet og ein av dei aller mest brukte bassistane i landet. Han har spelt på over 50 platealbum og turnert med ei rekkje norske og utanlandske artistar, m.a. Terje Rypdal, Karin Krog, John Surman, Marius Neset og Diana Krall.
Håkon Mjåset Johansen har vore ein av dei mest brukte trommeslagarane i ei årrekkje og har spelt med alt som kan krypa og gå innan norsk jazz. Han har også ei imponerande internasjonal merittliste å visa til, som m.a. omfattar konsertering med artistar som Michael Brecker, Chick Corea og Jan Garbarek.
Både Austad, Thormodsæter og Mjåset Johansen har gjesta Stord Jazzklubb fleire gonger tidlegare, som deltakarar i ulike band. Det er med gleda og forventing me ønskjer desse fine musikarane til atthøyr i Stord Jazzklubb! Austad fortel at det sjølvsagt også kan henda at det kan snika seg inn en julelåt eller to som ein del av konserten, sidan høgtida ikkje er så langt unna.
Denne konserten er ein del av releaseturneen for deira nye utgjeving «Explore». Plater vil vera mogleg å få kjøpt etter konserten.
Eivind Austad – piano
Magne Thormodsæter – bass
Håkon Mjåset Johansen – trommer