Onsdag 06. nov 2013 kl. 21:00

Baker Hansen – Chet på norsk

Stuelands Apothek / Stuelands Apothek
Haugesund

Baker Hansen er historia om fem norske jazzutøvarar som tok Chet Baker med på ei norsk språkreise.

Resultatet er eit spennande møte mellom amerikansk cooljazz og norsk fjelluft, tidlege jazzstandarder og vårt eige morsmål.

Høyr Baker Hansen her: www.soundcloud.com/baker-hansen Og besøk vår Facebook-side: www.facebook.com/bakerhansen Kva har Chet Bakers vestkyst-sound med norsk lyrikk å gjøre? Ikkje så lite, faktisk. Fleire års opphald i Skandinavia på 80-talet førte til at Chet sjølv samarbeida med ei rekkje norske musikarar, og særleg kjent er album-samarbeidet «Blåmann! Blåmann!» med Jan Erik Vold – ein ruvande skikkelse i norsk diktarkunst, som óg har bidrege med gode innspel til gjendiktingsarbeidet.  Når så kvintetten «BAKER HANSEN» tek opp denne arven, er det låter frå Chet Bakers repertoar som har fått fornya kraft gjennom nyskrivne, nynorske tekster, gjendikta av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. At tekstane er på vårt eige språk gir publikum anleiing til å møte denne musikken på nært hald, og høyre med «nye øyre» på klassikarar frå standardrepertoaret. Konsertopplevinga vil pregast av at publikum gjenoppdager kjente melodiar som There will never be another you og My funny valentine, eller sagt med Baker Hansen sine ord, «Aldri finn eg ei nett slik som deg» og «Min fine hjarteven». Og kva for klassisk jazzlåt skjuler seg bak tittelen «Eg vert så lett forelska»? Besetninga på 5 er eit knippe musikarar frå det yrande jazzmiljøet i Oslo, og representantar for ein ung og spennande generasjon utøvarar på den norske jazzscena, med ei rekkje betydelege samarbeid i bagasjen.  Sigurd Rotvik Tunestveit (Ål) – vokal og gjendikting Thomas Husmo Litleskare (Heimdal) – trompet Kjetil Jerve (Ålesund) – piano Stian Andreas Andersen (Tasta) – kontrabass Tore Flatjord (Nannestad) – trommer Haustturné 2013: 19/10: Draaben Bar, Sandefjord  www.goo.gl/QrFk9B 25/10: Palace Grill, Oslo  www.goo.gl/h5t0Cg 26/10: Lillestrøm Jazzklubb  www.goo.gl/c4l5RF 27/10: Fryd Scene, Ål  www.goo.gl/Qda50H 28/10: Union Scene, Drammen  www.goo.gl/m5oUZr 29/10: Elverum Folkehøgskole  www.goo.gl/GjjJMW 30/10: Antikvariatet, Trondheim  www.goo.gl/tvgB3s 31/10: Bakeriet i Lom  www.goo.gl/7CxdU5 01/11 + 02/11: First Hotel Atlantica, Ålesund  www.goo.gl/zoq1wg 03/11: Rokken, Volda  www.goo.gl/nvEW8j 04/11: Førdehuset  www.goo.gl/RR4mAS 05/11: Logen Bar, Bergen  www.goo.gl/ybWHlP 06/11: Stuelands Apothek, Haugesund  www.goo.gl/XDZyUr 07/11: Paulsens Hotell, Lyngdal  www.goo.gl/KmdAen 08/11: BUNKER på Tilstede Mat&Mer, Kristiansand  www.goo.gl/L1w4Rb 09/11: Lørdagsjazz, Sandnes  www.goo.gl/AcnWhT 10/11: Lindvedske Hus, Arendal  www.goo.gl/856evT

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev