Fredag 25. okt 2019 kl. 20:00

Baker Hansen – Chet Baker på norsk m/John Pål Inderberg

Nasjonal jazzscene / Nasjonal jazzscene
Oslo

Chet Baker med nyskrevne norske tekster! Med gjestesolist John Pål Inderberg

«Korleis kan ein lytte med nye øyre på nokre av dei mest kjente klassikarane frå jazzlitteraturen? Og korleis tolke ein gigant som Chet Baker i ny, norsk kontekst? Baker Hansen har sidan 2010 laga sine eigne musikalske forteljingar, baserte på musikken som Chet Baker spelte. Historiane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss – og konsertane vert ei øyreopnande oppleving som publikum på godt over 150 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om.»

Baker Hansen har gjeve ut to album med Chet på norsk, Ei som deg (2014) og Gamle Daga (2016). Tredjeplata kjem hausten 2019.

Sigurd Rotvik Tunestveit – vokal og gjendiktingar, Thomas Husmo Litleskare – trompet, vokal, Kjetil Jerve – piano, Stian Andreas Egeland Andersen – kontrabass, Tore Flatjord – trommer + John Pål Inderberg – Barytonsaksofon

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev