Oppstemt bluesrundtur
ARLE HJELMELAND sang, munnspel STEINAR KARLSEN gitar, sang EINAR OLSSON trommer, sang MORTEN SKAGE bass, sang
Buldreblues og blåsus er ein musikalsk og oppstemt bluesrundtur med Good Time Charlie. Konserten passar for vaksne, born, folk med sunnfjordsdialekt og med humoristisk sans. Publikum blir tatt med på ei inkluderande musikkreise der musikarar og publikum skal finne ut kva som er ”Blåsus” i musikken. Kva er det som skjer med oss når vi høyrer musikk og får lyst til å le, danse, hoppe og synge med.