"Most Intimate" cover
Nakama
"Most Intimate"
Nakama Record

Trygge i uvissa

PLATE: Årets mest produktive kvartett finn fotfeste i uvissa.

Dei som har fulgt med på hans virke i nokre år har nok sett at bassist Christian Meaas Svendsen har mykje på hjartet, men produktiviteten frå både kvartetten og plateselskapet som går under namnet Nakama har nok få sett føre seg. Den siste plata til kvartetten han deler med pianist Ayumi Tanaka, fiolinist Adrian Waade og trommeslagar Andreas Wildhagen, Most Intimate, er den tredje frå kvartetten og nummer åtte frå plateselskapet i løpet sitt første leveår.
Og både Meaas Svendsen, kvartetten og plateselskapet gjer seg markert, og etter mitt syn sterke, i det konseptuelle. Dei er eller ikkje redde for å gå inn i søken og forsøksvis svare på store spørsmål.

Den første plata frå kvartetten, Before the storm, som kom for ganske nøyaktig eit år sida, utforska stilla som musikalsk parameter. Så kom Grand Line, der ulike formstrukturar blei testa ut. Begge deler høyrest litt teknisk ut, men blei løyst med open nyfiken og varmt samspel, der ein godt kunne sjå bort frå det storformale og konseptuelle for å lytte etter detaljane og utsagna frå kvar einskild musikar.

Men der dei to første platene har slike distinkte, formtekniske konsept, skriv Meaas Svendsen at han tenkte det ville vere fint «å ikkje vite, til ei forandring», og viser til ein zen-dialog frå The Book of Serenity med sitatet «not knowing is most intimate». I den relativt lange teksten Meaas Svendsen har skrive før den har blitt lekkert utskåren i det turkise platecoveret, hevdar han difor at musikken på plata ikkje er konseptuell i seg sjølv. Men strukturen på albumet er likevel det.

Kort forklart er konseptet som følger: Dei korte spora er fordelt mellom serier av tre titlar: «Dedication», «Gratitude» og «Unification», i tillegg til eit avsluttande tittelspor. Kvar av bandmedlemmane har skrive ein dedikasjon til ein av dei andre, og soleis har alle fått kvar sin. Så må kvar einskild svare med takksemd, før alle samlast i ein påfølgande «Unification», der komponist og mottakar av dedikasjonen har bytta instrument. Høyrest det komplisert ut? Ja, det er kanskje det.

Men det har blitt skikkelig fin musikk av det! Variasjonen som kjem med ein serie korte snuttar, framfor eit lang strekk av fri improvisasjon, er veldig apellerande. Dei små komposisjonane, eller dedikasjonane, er enkle, men også sterke og tydelege. Desse eigenskapane har heilt tydeleg smitta over i dei påfølgande improvisasjonane, og sjølv i spesialnummeret «Total Unification» der alle har bytta instrument, er det klåre utvekslingar og utsagn som vert presentert. På alle spor er der rikelig med luft.

Eg kan godt forstå at svevande sitat som «not knowing is most intimate» er noko ein kan meditere på lenge og vel, men med open, kreativ og fri improvisasjon mellom gode vener gir Nakama eit konkret døme på kva det kan bety. Vi veit ikkje heilt kva som vil skje i neste augneblink, og å angripe den uvissa saman er heilt klart ei intim oppleving. På Most Intimate høyrer ein klårt eit trygt rom og alt det gode som kan kome ut av det, og Nakamas konseptuelle tilbøyelegheiter har gitt nok eit sterkt resultat.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev