Bjørn Alterhaug Quintet - Oslo Jazzfestival, Nasjonal jazzscene Victoria, 16. august 2017

Lunt og støtt

KONSERT: Bjørn Alterhaug Quintet er neppe den mest oppsiktsvekkande programposten hjå Oslojazz, men der er ikkje mange jazzkvintettar som er ein meir sikker publikumsvinnar.

foto: Stein Hødnebø/Oslo Jazzfestival

Onsdag kveld var der ekstra høg gjennomsnittsalder på Nasjonal Jazzscene, Victoria, til dels også på scena. Men det var ganske mange minutt igjen til konsertstart då lokalet nærma seg randen. Bjørn Alterhaug og hans kvintett er ein sikker publikumsvinnar, og det visste både publikum og Oslo Jazzfestival, som no er litt over halvvegs.

Konserten blei innleia ved pianist Vigleik Storaas, som er godt kjend for sine soloimprovisasjonar, og han skuffa ikkje i dag heller. Storaas har ei flott evne til å late seg rive med av sine eigne improvisasjonar og rufsar det gjerne passeleg til òg. Så slengte resten av kvintetten seg på: Saxofonist John Pål Inderberg med grov baryton-tone og velkjend sirkelpust, medan altsaxofonist Frode Nymo var klokkeklar og virtuos som få andre. Saman har dei ein særeigen og fantastisk samklang og balanse, og sjølv når tempoet og linjene verkeleg byrjar å ta seg opp, verkar det like, leikande lett heile vegen.
Bak trommesettet sat yngstemann, svenske Erik Nylander (som også er utdanna i Trondheim), og leverte som alltid ein solid jobb, sjølv om dette sjangerformatet ikkje er der han viser seg på sitt aller, aller beste. Han fekk no inn nokre potente soloframstøyt likevel. Hovudpersonen, bassist Bjørn Alterhaug held seg stadig like vital og stødig. Sjølvironi og tørr humor er der også framleis nok av.
Saken fortsetter under bildet.

Bjørn Alterhaug Quintet (foto: Stein Hødnebø/Oslo Jazzfestival)
Bjørn Alterhaug Quintet (foto: Stein Hødnebø/Oslo Jazzfestival)

Du får ikkje ein konsert med verken Bjørn Alterhaug eller John Pål Inderberg utan vittige tirader, humor og lun småprat mellom slaga, og som vanleg var responsen stor frå publikum også denne kvelden. Særleg då Inderberg tok laust på eit av sine typiske solobrekk med «trøndersk» babling inn i barytonsaxofonen.
Apropos småprat nytta Alterhaug høvet etter dei første par låtane til å snakke om kor uføreseieleg musikken og konsertane deira er, eksemplifisert ved eit brekk frå saksofonistane som ikkje var heilt planlagt. Om du har lest hit i denne meldinga har du truleg forstått at eg ikkje er heilt samd i akkurat den påstanden.
Det skal godt gjerast å ha operert innanfor ein bransje så lenge som Alterhaug, Inderberg og Storaas har, og likevel vere uføreseielege. Dei gjer sjeldan særskild nemneverdige hopp sjangermessig heller.
Nei, det heile er heller svært føreseieleg. Men det er ikkje negativt i mine øyrer, for dette er solid, lun og stødig jazz servert med godt humør og god sans for velklang og harmoniske vendingar. Med ein så sterk kvintett er det berre for publikum å ta i mot velsmurte passasjer i fleng.
Denne kvelden var der godt utvalde komposisjonar frå både Lee Konitz og Warne Marsh, i tillegg til eit knippe av Alterhaugs eigne. Sjølv synest eg han er aller best som komponist når det går i langsame, vakre ballader. Eit høgdepunkt i så måte var både «Bird Lovers» og ekstranummeret dei fleste håpte på: «Christmas Song For Children Of Thelonius Monk». Nyleg avdøde Egil Kapstad fekk også ein verdig hyllest. Ei meir problemfri konsertoppleving skal du leite lenge etter.
Oslo Jazzfestival held fram til 19. august.


Fra forsiden

Festival

Sterk jazzhøst i Molde

Storyville Jazz Club i Molde åpner konsertsesongen med Transatlantic Express torsdag 21. september. Marius Neset Quintet, Kristin Asbjørnsen og Joshua Redman & Ola Kvernberg er blant andre høydepunkter i høst.

Meld deg på vårt nyhetsbrev