Nyhet

Ingebrigt Håker Flaten blir Tingingsverk-komponist

Bassist og komponist Ingebrigt Håker Flaten har fått oppdraget å skrive det 39. Tingingsverket til Vossa Jazz.

Tingingsverket til Vossa Jazz er blant dei mest høgsthengande bestillingane ein norsk jazzmusikar kan få, og laurdag 4. april 2020 skal det 39. verket til Vossa Jazz leverast av komponist og bassist Ingebrigt Håker Flaten.

– Ingebrigt Håker Flaten har sidan avslutta utdanning ved Jazzlinja i Trondheim på midten av 90-talet vore ein svært aktiv og sentral aktør på jazz- og frijazzscena. Han har samarbeida med ei rekkje norske og utanlandske musikarar og har gjennom si opne tilnærming til musikken vist stor kunstnarisk breidde og vore ein stor inspirasjon for andre musikarar. Det er med stor forventning og glede eg ser fram mot urframføringa på Vossa Jazz neste år, seier Trude Storheim, dagleg leiar Vossa Jazz.

Ingebrigt Håker Flaten har vore særdeles delaktig i å definera den «nye» norske jazzen, og han er ei naturleg musikalsk drivkraft i kvar ein konstellasjon. I 2019 fekk han Buddy-prisen, norsk jazz si høgste utmerking.

Ny oktett
Til Vossa Jazz kjem Håker Flaten med verket EXIT KNARR, og han har for høvet sett saman ein ny oktett som omfattar eit spanande og internasjonalt ensemble med røter frå Noreg, USA og Slovenia.

– Jeg føler meg lett vettskremt, men veldig ydmyk og beæret over denne utfordringa! Det er utrolig fett å få lov til å skrive musikk for en slik gjeng fantastiske musikere og folk jeg digger men ikke har spilt med før. Stor takk til Vossa Jazz for støtten og tilliten, seier Ingebrigt Håker Flaten.

EXIT kan symbolisera retning, frigjering og motstand. KNARR, var namnet på skipa vikingane bygde på 1000-talet, og symbolikken i denne konteksten kan spegla tradisjon og dei mange inspirasjons-kjeldene Håker Flaten har blitt påverka av etter mange år som omreisande og arbeidande musikar med base i verdsmetropolar som Oslo, Chicago, Mexico City og Austin. Oktetten vil jobba med ny musikk skriven av Ingebrigt, og han ynskjer med dette nye bandet å vidare få utvikla si eklektiske musikalske verd, ei verd der grensa mellom sjangrar, mellom tradisjonelt og eksperimentelt, mellom undergrunn og tilgjengelegheit lett kan få lov til å flyta over i kvarandre.

Tingingsverket har urframføringa på Vossa Jazz laurdag 4. april 2020.

Besetning:
Ingebrigt Håker Flaten (Austin) – komponist, bass
Josh Johnson (Los Angeles) – altsax, tangentar
Jacob Wick (Mexico City/Chicago)  – trompet
Atle Nymo  (Oslo)  – bassklarinett, tenor
Oddrun Lilja (Oslo) – gitar, vokal
Kaja Draksler (København/Slovenija) – piano
Veslemøy Narvesen (Oslo) – trommer
Frank Rosaly (Amsterdam/Chicago) – trommer, samples

Fra forsiden

Nyhet

Halvannen million til Nordnorsk Jazzensemble

Nordnorsk Jazzensemble er tildelt 1,5 millioner kroner fra Samfunnsløftet, Sparebank1 Nord-Norge. - Dette gjør at vi nå kan utvikle nye prosjekter, sier en svært glad daglig leder i Nordnorsk jazzsenter, Ulla-Stina Wiland.

Meld deg på vårt nyhetsbrev