Nyhet

Edvard Hoem opnar Vossa Jazz 2020

Forfattaren og diktaren Edvard Hoem står får den offisielle opninga av Vossa Jazz 2020. Vidare programslepp kjem i festivalens tradisjonsrike Jolakalender kvar dag i desember.

Den 47. festivalen i rekka vert opna av Edvard Hoem fredag 3. april i Vossasalen på Park i Voss. «Vår tids Bjørnstjerne Bjørnson» har han vorte kalla, og ikkje utan grunn, skriv Vossa Jazz i ei pressemelding. Den samfunnsengasjerte diktaren og forfattaren har eit stort og mangslunge forfattarskap bak seg. Han har gått i djupna på både eksistensielle og politiske emne i ulike skjønnlitterære sjangrar og kunstnarlege uttrykk. Hoem er ein framifrå Shakespeare-gjendiktar, og han har mykje god sakprosa på samvitet, både som essayist, debattant og biograf. I tillegg er han ein markant og stilsikker nynorskrøyst – betre vert det ikkje, skriv festivalen.

Edvard Hoem fekk i går Brageprisens heiderspris.

Følg programsleppa frå Vossa Jazz kvar dag i desember i Jolakalendaren.

Fra forsiden

Nyhet

På turné med nytt verk

Nordnorsk Jazzensemble og Liv Andrea Hauge drar på turné i nord med verket Drevjapulsen. Turnéstart 17. september på Ad Lib Jazzklubb, før de fortsetter til Sortland Jazzfestival, Kalottspel i Målselv og Tromsø Jazzklubb. I oktober fremføres verket på Bakgården kultur i Mosjøen, Brønnøy Jazzforum i Brønnøysund og Smeltedigelen musikkfestival i Mo i Rana.

Meld deg på vårt nyhetsbrev