Nils Økland lagar Tingingsverket til Vossa Jazz 2016! I over 30 år har den kvalitetsbevisste felemeisteren sprengt sjangergrenser med sikker bogeføring. Nils Økland har skapt ein eigen folkemusikk som er bevegeleg, mangfoldeg og innovativ ved å trekkje inn element av klassisk, samtids-, jazz, verds- og improvisasjonsmusikk. Sjølv meiner han at han lagar låtar som kombinerer poesien i folkemusikken med energien i punken – det seier mykje om spennvidda i det musikalske uttrykket hans. Økland er ein av dei få som verkeleg meistrar det krevjande kunststykket å balansera varierte moderne impulsar med respekt for den tradisjonsrike folkemusikksjangeren.
Til Tingingsverket tek han med seg ein utvida versjon av det fantastiske bandet han sette saman til plata Kjølvatn som kom på ECM i 2015. Dette er eit kraftfullt album som viser Økland på sitt aller beste. Fredrik Wandrup skreiv i ei omtale i Dagbladet: «Forførende toner fra et trolsk landskap. Musikk som er fysisk nærværende og visjonsskapende.», og Arild Andersen trilla terningkast 6 i Aftenposten: «Kjølvatn bærer på et vakkert alvor, holdt oppe av et sobert samspill fra et eminent band…».
Tingingsverket Glødetrådar tek eit steg vidare frå sisteplata, her vil Økland blant anna gje meir solistisk plass til enkeltutøvarane.
Nils Økland – feler
Mats Eilertsen – bass
Sigbjørn Apeland – trøorgel
Rolf-Erik Nystrøm – saksofon
Håkon Mørch Stene – trommer
Åsne Valland Nordli – vokal
Per Steinar Lie – el-gitar
Ørjan Haaland – trommer
English:
Nils Økland makes next year’s commisioned work (Tingingsverket) for Vossa Jazz! The virtuoso fiddler has created a unique version of norwegian folk music by incorporating elements of classical, jazz, world music, contemporary and improvisational music. «A hybrid combining the poetry of folk music and the energy of punk» – that’s how Økland describes his own music.
For the commisioned work Glødetrådar he brings an expanded version of the fantastic band the put together for his last record Kjølvatn, released on ECM in 2015. The album recieved rave reviews in Norwegian and international music press. The Wire wrote: «… they reach emotional places that are rarely touched by performers who work so purposely to free themselves of convention.»
http://nilsokland.no/