"Avin" cover
Christian Meaas Svendsen
"Avin"
Nakama Records

Blottstilt kjærleik over sylkvast komp

PLATE: Christian Meaas Svendsen har lagt frå seg kontrabassen for å synge om kjærleiken, med eit solid ensemble som held han trygt planta på bakken.

Bassist og spydspiss for Nakama Records, Christian Meaas Svendsen, har gitt ut si første soloplate, med sjølvskrivne komposisjonar og tekster. For høvet har han lagt frå seg kontrabassen, lånt ein kassegitar og syng sjølv tekstene framfor eit solid utval av unge, musikarar frå det norske landskapet av jazz, samtidsmusikk og impro.

Den varme klangen av det nøye utvalde ensemblet går rett heim frå første augneblink på Avin. Med sang, fiolin, bratsj, cello, kontrabass, trombone og tenorsaxofon godt balansert i spennet mellom eit harmonisk, melankolsk landskap og meir kvasse dissonansar og tendensar mot støy, lukkast han raskt med å skape eit uttrykk som står i stil med det han freistar å formidle med tekstane sine. Albumtittelen er eit kurdisk kvinnenamn som tyder kjærleik, og er også namnet på Svendsens kjærast.

Soleis forstår me raskt at dette er snakk om personlege kjærleiksforteljingar. Svendsen syng om lengsel, sakn og håp, og er på ingen måte redd for svulstige linjer og metaforar i tekstane, som likevel er ganske enkle og beint fram i sin natur. Nokre gangar er kombinasjonen av store ord og nærast banale utsagn sjarmerande komisk, som til dømes denne:
«Kun én dag siden jeg dro
Men det føles som en evighet
kanskje faktisk to»

Saman med Svendsens utrente, lett naive sangstemme, vert sjarm eit nøkkelord for sang og tekstformidlinga. Tidvis hentar han fram sin indre Chet Baker, medan han andre gangar høyrest ut som ein forelska og desperat, men likevel kjenslevar og sart tenåring. Når vokalist Agnes Hvizdalek syng saman med han på «11 dager» når sjarmen eit definitivt høgdepunkt. Ein må trekkje på smilebandet av slikt.

Kombinert med eit langt meir sofistikert akkompagnement og musikarar som bidreg med solide, individuelle innspel, oppstår den kontrasten som skal til for å skape god musikk av kjenslelivet til Svendsen.

Mjuke dissonansar over enkelt gitarspel, og fleire uføreseielege vendingar fører dei enkle visene til eit rikare og djupare landskap. Det ein sit igjen med til slutt vert framleis sart og naivt, men den velgjorte arrangeringa og eit strålande ensemble får fram dei sterke og såre kjenslene som ikkje kjem like godt fram av tekstane åleine.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

OJKOS spiller: Andrine Dyblie Erdal - Victoria, Nasjonal jazzscene - 23. april 2024

Prima fra ungdommen

Andrine Dyblie Erdals komposisjoner gir OJKOS nye numre og adresser å levere på.

Meld deg på vårt nyhetsbrev