Nyhet

Audiovisuelt i Logen

I 2002 feira Bergen Jazzforum 30 år og JøKleBa var eit av jubileumsbanda. I år er det nytt jubileum og JøKleBa er på plass nok ein gong!

TEKST OG FOTO: PER INGE HOVE

Men det var ikkje sjølvsagt: Etter ein sakte ritardando i nokre år, var det full stopp for JøKleBa i 2005 – heilt til Dave Holland ikkje kunne opna Vossa Jazz 2011 likevel, og Per Jørgensen (trompet, stemme, perkusjon), Audun Kleive (trommer, perkusjon) og Jon Balke (tangentar) steppa inn. Og i kveld var det endeleg klart for reunion mellom JøKleBa og bergenspublikumet.

Eg har aldri opplevd dette kultfenomenet i levande live før, så forventingane var dermed tilsvarande. Og dette var sjølve kimen i JøKleBa-problemet: «Det ble verre og verre å gå på scenen fordi vi hadde så mange høgdepunkt som vi måtte overgå for å på en måte berettige vår eksistens» (Jon Balke, 2011). Kva gjer ein så? Jo, ein inviterer med seg Birk Nygaard (visuelt design) og Asle Karstad (lyddesign) og blir ein kvintett. For denne kvelden i Logen var mykje meir enn ein konsert – den var ei oppleving!

På scena står tre enkle lamper, ei ved kvar musikar – ingen lyskastarar. Scena er mørklagt heilt til Audun Kleive byrjar å spele. Volumet triggar eit midisignal som igjen styrer lyset i lampa. Resultatet blir eit primitivt og heftig lysshow, som avheng fullstendig av musikken. På scena står også mange kvite kubusar. Desse vert etterkvart til eit lerret dekka av dei snodigaste teikningar og mønster, alt ettersom musikken tek vegen. Bokstaveleg tala;

Fyrste låt tek omtrent like lang tid som å køyra bil over eit gjennomsnittleg fjell, til dømes Vikafjellet. Der er det ganske bratt oppover, motoren må heile tida justera turtalet og Kleive ordnar eit skikkeleg botndrag. Så, etter ein kort tunnel, opnar det seg opp. På venstresida ligg eit vatn, vegane er flate og fine og kanskje har hausten satt sitt preg på fargepaletten. Etterkvart kjem nedstiginga, med bratte bakkar og dramatisk natur. Så er ein over fjellet og alle er kjempefornøgd! Publikum står for trampeklapp allereie etter det fyrste nummeret, og nokon i salen ropar «Velkomen tilbake!»

Om bandet har lege brakk i nokre år, så har det i alle fall ikkje blitt rustent. Humoren sit laust og grooven sit som ei kule. Samspelet er så samspelt! Stundom gløymer eg at det er fleire enn éin som spelar. Med Kleive sitt ekstremt distinkte anslag, Jørgensen sin fabelaktige stemme og sprø innfall og Balke si evne til å binde alt i hop til ein stor komposisjon, er det heilt umogleg å finna noko negativt å setje fingeren på! Forresten – ei lita stund lurte eg på om alt det visuelle kom i vegen for musikken. Denne stunda varte i ca 2 sekund.

JøKleBa har nok gjort lurt i å skapa eit nytt konsept og få avstand til fortida. Difor er det heller ikkje så naturleg å samanlikna dagens konsert med det som har blitt gjort før. Men eg kan i alle fall aldri tenkje meg at JøKleBa har vore betre nokon gong tidlegare enn dei er no!

Fra forsiden

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

OJKOS spiller: Andrine Dyblie Erdal - Victoria, Nasjonal jazzscene - 23. april 2024

Prima fra ungdommen

Andrine Dyblie Erdals komposisjoner gir OJKOS nye numre og adresser å levere på.

Meld deg på vårt nyhetsbrev