Om utgivelsen
Drabantbyfortellingar i jazzorkesterformat.
Ein musikalsk allegori over undringa og overveldinga som oppstår når ein løfter
blikket mot dei massive betongblokkene – leilegheiter tett i tett, fulle av liv og
historier, forma av arkitektoniske draumar om fellesskap og framtid. Musikken
vekslar mellom å skildre idylliske barndomsbilete á la Anne-Cath. Vestly og dei store
utopiske visjonane bak drabantbyane, men ber òg med seg ein understraum av noko
anna – ei urban røynd der grensene mellom håp og dystopi vert viska ut.
Verket er komponert av sopransaxofonist og komponist Camilla Hole frå Breim i Vestland for OJKOS; Orkesteret for Jazzkomponistar i Oslo. Hole er bl.a kjent frå sitt folk/jazzband, Camilla Hole Trio (m. Knut Nesheim og Egil Kalman), som nylig gav ut «Eventyrferd» eit samarbeid med folkemusikar Sigrid Moldestad og gitarist Torstein Slåen.
OJKOS er eit samtidsjazzorkester med profesjonelle jazzkomponister basert i Oslo. Prosjektet OJKOS vart etablert våren 2018 og har sidan oppstarten gitt ut fleire album, inkludert to Spellemann-nominasjonar og Jazzprisen for Årets Verk 2023. I tillegg til å opptre på festivalar i Noreg og Europa, spelar orkesteret ny musikk nestan månadleg som ein del av ein fast konsertserie på Victoria Nasjonal Jazzscene i Oslo.
Musikere
				
					Camilla Hole - sopran og sopraninosaxofon/komponist
				
					Ane Bjerkan - vokal/indisk harmonium/tekst
				
					Tina Lægreid Olsen - bassklarinett/sopran og barytonsaxofon
				
					Maria Dybbroe - alt og sopransax
				
					Sigrid Aftret - tenor og sopransaxofon
				
					Tancred Heyerdahl Husø - trompet
				
					Lyder Øvreås Røed - trompet
				
					Ellen-Martine Gismervik - cello/sag
				
					Johannes Fosse Solvang - trombone
				
					Andreas Rotevatn - trombone
				
					Magnus Murphy Joelson  - trombone
				
					Bjørn-Even Bjarkli Verbeke - piano
				
					Arne Martin Nybo - gitar
				
					Alexander Hoholm  - kontrabass
				
					Knut Kvifte Nesheim - trommer
				
				
 
				 
		