4. september 2026

Andreas Rotevatn
Mellom saltvatn og sola

Om utgivelsen

Myta om Ikaros er relativt velkjend – han som fekk venger av far sin, og vart fortald at han ikkje måtte fly for nær sola. Grunnen var at voksen i vengene ville smelte, og han ville falle mot fortapinga. Historia har vore brukt som analogi for prisen av å vere hovmodig, og å sikte for høgt. Det som er mindre kjend, er at faren i historia òg seier noko anna til Ikaros. Nemleg at dersom sonen flyr for nær sjøen, vil òg det vere farleg, då vatnet vil gjere vengene for tunge og ubrukelege. So å vere for sjølvutslettande er heller ikkje tilrådeleg.

Her hentar Andreas Rotevatn namnet på sitt andre album som soloartist – Mellom saltvatn og sola. Og med det ønskjer han å slå eit slag for kompromisset, det kløyvde, synergiar og tvisynet. Både i musikken og i verda.

Rotevatn seier at han ønsker å lage musikk som er avansert, men tilgjengeleg. Ein journalist i Bergens Tidende skildra dette todelte ved musikken hans sånn etter ein konsert:

“Tenk at musikk kan være så leken og innfallsrik, så energisk, drivende og kødden, så smart og så dum! Musikken er pop, men ikke popete. Det er jazzete, men ikke jazz. Men hvem bryr seg egentlig om slike kategorier? Rotevatn er rett og slett grisebra musikk. Terningkast 6/6”

Og i møtet mellom det høgkulturelle og det kommerse finn Rotevatn si musikalske stemme. Konsertar på so ulike arenaer som Moldejazz, Vinjerock, Vossajazz, Mandaljazz og Bergtatt-festivalen, i tillegg til P3-live, stadfestar dette.

På plata finn ein altso eit bredt musikalsk spenn: frå ein progga pop-låt som stadig skiftar takt- og toneart, til ein kødden country-pastisj; frå ei inderleg vise med innslag av frijazz anno 1959, til ein danselåt ein kunne kalt “akustisk dansemusikk” heller enn EDM; frå nikk til K-pop i nynorsk drakt, til ein high life-aktig trombonelåt.
Som tekstforfattar skriv Rotevatn seg inn i ein lang tradisjon for nynorske diktarar med fokus på natur, filosofi og den typiske tvisynte vestlandstenkjinga. Språkleg sett hentar Andreas arkaiske ord frå fortida, for å skrive noko om notida. På den eine sida ynskjer ikkje Rotevatn skape unødig stor avstand til publikum med tekstane. So dei skal vere catchy! Men likevel vil han legge inn gåtar og referansar. Som gjer at ein kan fordjupe seg i teksten, og stadig oppdage nye element og meiningar.

Utover dei herlege musikarane i bandet, er det fleire interessante features med på plata – Lindstrøm, Tuva Syvertsen, Side brok, Mari Kvien Brunvoll, Embla Karidotter og Henriette Eilertsen. Kanskje ei usannsynleg samling artistar på eit album ved første augekast. Men Rotevatn lovar, i hans univers gir det meining!

I verda er den ambiguøse bodskapen truga. Som ein ser både heime og i utlandet, veks både ytre venstre og ytre høgre seg sterkare. Tydelege bodskap frå dei som skrik høgast delar folk i svart/kvitt, ja/nei og meg/deg. Å slå eit slag for kompromisset er viktigare enn på lenge.
Altso, Andreas tenkjer ikkje på musikken sin som direkte politisk. Som diktar Stein Mehren skriv so godt i “Makt eller kraftkilde” frå 1973: “Jeg tror ikke kunsten forandrer verden. Men jeg tror den gode og oppriktige kunst kan bli kilder til forandring. Kilder til forandring av mennesker.” So i beste fall tenker Rotevatn at han – som hentar inn både det folkelege og det elitistiske, og sameinar det – kan vere ei kilde til forandring.

Sjølv har Rotevatn ei like so todelt karriere so langt, som musikken han lagar. På den eine sida har han utdanning frå norske eliteskular for musikk, var initiativtakar til komponistkollektivet OJKOS, og har både fått ein spellemannsnominasjon og ein jazzpris for komposisjonene sine for jazzorkester. På den andre sida har han vore på turné med Cezinando, Razika, Fieh og Jaga Jazzist, og spelt på platene til Gabrielle, Big Bang og Highasakite.

Musikere

Andreas Rotevatn - Trombone, tangentar & vokal
Sander Nordahl - Gitar
Nikolai Hængsle - Bass
Elias Tafjord - Vokal

Lenker

Fra forsiden

Nyheter

Jazzprisen 2027 åpen for nominasjoner

I april neste år skal ti ulike Jazzpriser deles ut under jazzens store festaften i Stormen Konserthus i Bodø. Norsk jazzforum har nå åpnet for nominasjoner, og håper hele jazzmiljøet engasjerer seg og nominerer sine favoritter. Frist for nominasjoner er 1. oktober.

Nyheter

Gatelangs i Drammen

Fra 31. august til 7. september blir store deler av Drammen sentrum snudd på hodet. Brageteatret inviterer til vandreforestillingen Gatelangs Strømsø. Buskerud ungdomsjazzorkester under ledelse av Magnus Aannestad Oseth og Steffen Granly deltar sammen med en rekke andre lokale aktører. Alle forestillingene er utsolgt!

Meld deg på vårt nyhetsbrev