3. mai 2024

Andreas Rotevatn
Av daude gror

Om utgivelsen

Fest eller flinkis, klubb eller kykje, håvamål eller autotune, alternativ pop eller tilgjengeleg jazz? Artist Andreas Rotevatn heidrar det dualistiske med sitt fyrste soloalbum – Av daude gror – ute 3.mai.

Det todelte finn du att i det meste av livet til Rotevatn fram til no. På den eine sida har han ein bygdeoppvekst på Nordfjordeid, og på den andre over 10 år som kunstnar i Oslo. Spellemannsnominert for djupdykk i avantgardistisk musikk for det store jazzensemblet OJKOS, men òg samarbeid med popmusikarar som Cezinando og Gabrielle. Tekstleg inspirert av fortida, gjennom Håvamål, Ivar Aasen og Bibelen, men samstundes inspirert av moderne lydar frå synthar og trommemaskiner.

Og ein plass i midten, i symbiosa, der trivast Rotevatn best:
– Målet med musikken var å skape noko som var tigjengeleg, men med djupn; noko komplekst, og samstundes catchy; guilty pleasure for dei som vanlegvis ikkje lyttar til popmusikk, eller acquired taste for den gjengse musikklyttar. Og musikk som både vil gje deg dansefot på konsert, og som kan gje deg ei kjenslelada emosjonell sonisk reise i sofaen.

På albumet høyrer du Rotevatn som vokalist på Nordfjord-dialekt, trombonist og keyboardist. Han står òg som låtskrivar og tekstforfattar, i tillegg til å vere hovud-produsent.

Med seg i studio fekk han nokre av sine favorittmusikarar og produsentar: Sofie Tollefsbøl (Fieh), Nikolai Hængsle, Hans-Peter Lindstrøm og Eivind Helgerød.
– Samnemnaren for dei eg fekk med i studio, var at dei alle har ei herleg evne til å skape musikk som groovar noko vanvittig, samstundes som den snakkar til hjartet ditt!

Då dei gjekk i studio, hadde Rotevatn eit håp for prosessen:
– at eg skulle klare å halde på ei skamlaus tilnærming til å lage musikk. Altso, i den forstand at eg prøvde å vere fri for skam for kva som var lov å like, kva som var hipt eller ei, og kva som nødvendigvis gav meining eller ikkje. Rett og slett at ingrediensane eg hadde lyst til å putte i mi musikalske betasuppe, skulle få dukke opp som dei ville og når dei ville, utan kognitive sperrer.

Tekstane er i all hovudsak skrivne av Rotevatn. Andreas hentar inspirasjon frå fortida, for å kome seg vidare inn i si eiga framtid. Når livets store spørsmål bankar på, får ein kjenne på tankane kring slekters gang, kvar ein skal fengje sin heim, og om det er sant at det av daude gror. I tekstuniverset finn ein både tekstleg inspirasjon og direkte sitat frå mellom anna: Ivar Aasen, Sigrid Undset, Tarjei Vesaas og Jakob Sande. I tillegg har både Bibelen og Håvamål snike seg inn fleire stader. Og sjølvsagt finn eit lite sitat frå nasjonalsongen frå fødestaden: Nordfjordsongen.

So kva type musikk dette er, får vere opp til lyttaren å meine noko om. For Andreas Rotevatn er det ikkje noko anna enn det sannferdige som dukkar opp, då han opna sine kunstneriske sluser.

Musikere

Andreas Rotevatn - Trombone, keys & vokal
Sofie Tollefsbøl - Synth, vokal
Sander Nordahl - Gitar
Nikolai Hængsle - Bass
Elias Tafjord - Trommer
Hans-Peter Lindstrøm - Synth & prod
John Wizards - Synth & prod
Christopher Bill - Trombone
Henriette Eilertsen - Fløyte

Lenker

Fra forsiden

Ukas Jazzprofil

UKAS JAZZPROFIL: Anja Katrine Tomter

Torsdag åpner AnJazz på Hamar, og dette blir gründer Anja Katrine Tomters siste festival etter imponerende 20 år i sjefsstolen. Muligheten til å glede og overraske publikum, har vært drivkraften, forteller Tomter.

Nyhet

Stort på åpningen av Jazzfest

Åpningen av Jazzfest i Trondheim tirsdag 7. mai byr på store produksjoner. Bassist Kyle Eastwood og Trondheim Symfoniorkester & Opera hyller Clint Eastwood, og saksofonist Martin Myhre Olsen tolker Stargate sammen med NTNU Jazzensemble.

Meld deg på vårt nyhetsbrev