Søndag 14. apr 2019 kl. 17:00

Under stjernone

Vossa Jazz / Vangskyrkja
Voss

Velkomen til eit gjensyn med Olav H. Hauge-framsyninga Under stjernone, som hadde urframføring på Vossa Jazz 2005!

Fruktbonden frå Ulvik skreiv dikt av den tidlause sorten. Med motivkrins og ordtilfang forankra i heimlege Hardanger, og eit medvit om form som knyter han til modernismen, representerer Hauge sin produksjon ein unik litterær skatt. Rikdom er til for å delast, og Under stjernone gjer nettopp dette.

Under stjernone krinsar kring ei rekkje dikt og dagboksnotat frå diktaren, tolka av skodespelar Hildegun Riise med framifrå nyanse, innleving, timing og dialekt. Tekstane er tonesett av bassist, komponist og Oslo Jazzfestival-leiar Edvard Askeland. Det neddempa, jordnære og distinkte tonefølgjet, framført av eit knippe av Noregs finaste jazzmusikarar, komplementerer Hauge sine ord på ein framifrå måte, og får fram melankoli og svartsyn, såvel som humor og ljosare stemningar med stor overtyding.

Etter urframføringa i 2005 vart det både konsertturné og plateutgjeving av Under stjernone, og me er lukkelege over å få sjå og høyre dei att på Voss i 2019!

Hildegun Riise – diktlesing
Per Jørgensen trompet
Paolo Vinaccia – trommer
Eivind Aarset – gitar
Edvard Askeland – bass

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev