Desse musikarane har spelt saman i ei årrekkje.
Tom Olstad er ein av dei mest hardtswingande og stilsikre norske trommeslagarane.
Kontrabassist Sigurd Ulveseth er Bergen sin NHØP, (Nils Henning Ørsted Pedersen, dansk bassist)
og pianist Dag Arnesen er ein av nestorane i norsk jazz.
Stordabu Ole Jacob Hystad trakterer saxofonen i denne kvartetten som speler ‘no nonsens’ melodiøse ballader, medium og up-tempolåtar.
Kort sagt swingande jazzmusikk.
Tom Olstad-trommer
Sigurd Ulveseth-bass
Dag Arnesen-piano
Ole Jacob Hystad -saksofon