Søndag 14. apr 2019 kl. 13:30

Trygve Seim feat. Mathias Eick og Jon Balke

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss

Saksofonist og komponist Trygve Seim er ein musikar som stadig finn nye veger å utforske, anten det er med små eller store ensemble, som Araimero, Oslo 1300, The Source eller Trygve Seim Ensemble. Mange av vegane han har funne går mot austlege trakter. Han har blant anna hatt eit lengre opphald i Kairo for å studere og spele arabisk musikk, og plata Rumi Songs frå 2016 (som Leonard Cohen visstnok skal ha tatt av seg hatten for, då han høyrde den fyrste gongen), var bygd rundt tekstar av den persiske poeten Jalaladin Rumi.

Men av alle kulturane Seim har lete seg inspirere av, er det Finland han reknar som «sitt andre heimland». Dette har ført til samarbeid med artistar som Edward Vesala, Iro Haarla og Sinikka Langeland, og til fleire opphald i ein komponistleiligheit i Helsinki. Helsinki Songs (ECM, 2018) er den førebels kulminasjonen av Seim si utforsking av landet med dei mange innsjøane og djupe skogane.

«Helsinki Songs er et overbevisende album, med kvalitet i detaljene og varme i formidlingen», skreiv Arild Andersen i ein omtale for Aftenposten. Saman med det framifrå bandet manar Seim fram melankolske stemningar – djupsindige komposisjonar med rom for ettertenksam improvisasjon – «og bakom synger skogene…»

Trygve Seim – saksofonar
Mathias Eick – trompet
Jon Balke– tangentar
Mats Eilertsen – bass
Markku Ounaskari – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev