Onsdag 23. okt 2013 kl. 19:00

Trondheim jazzorkester med Sofia Jernberg og Olav Mjelva

/ Riksscenen, Schouskvartalet
Oslo

Den svenske songaren, bandleiaren og komponisten Sofia Jernberg er i ferd med å etablera seg i jazzverda. Ho har ein lang CV bak seg trass at ho framleis berre er i tjueåra, og ein av dei musikalske møta som har gjort stort inntrykk på ho var hardingfelevirtuosen frå folkemusikkgruppa Sver, Olav Luksengård Mjelva. Dette møtet resulterte i jazz-folkemusikk-hybriden som vert urframført på Vossa Jazz, og sjølv om ho definitivt høyrer mest heime i jazzverda, så er det folkemusikkaspektet som står i fokus for konserten. Ho har teke med seg utvalde musikarar frå både Noreg og Sverige, og med ingen ringare enn Trondheim Jazzorkester som ”backing-band” snakkar me toppsjiktet på alle baugar og kantar. Sofia Jernberg ble nyleg tildelt prisen «Jazzkannan» av det svenske jazzforbundet.

Sofia Jernberg – vokal
Olav Luksengård Mjelva – fele, hardingfele
Kari Rønnekleiv – fiolin
Lene Grenager – cello

Ole Morten Vågan – kontrabass
Eivind Lønning – trompet
Espen Reinertsen – tenorsaksofon
Eirik Hegdal – saksofonar
Alexander Zethson – piano
Jens Linell – perkusjon
Tor Haugerud – trommer


Konsertstart kl 20

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev