Lørdag 07. okt 2023 kl. 14:00

Trøen/Arnesen Quartet New Paintings of Jazz

Swing N Sweet Jazzclub / Lille Ole Bull Scene
Bergen

«New Paintings of Jazz» er saksofonist og komponist Elisabeth Lid Trøen sitt første bestillingsverk. Bestillinga var eit samarbeid mellom Vossajazz, Jazzfest i Trondheim og Oslo Jazzfestival.
Gjennom nyskrivne originalkomposisjonar utforskar ho sine musikalske dragningar og interesser, saman med sin eigen kvartett – Trøen/Arnesen kvartett.
Kvartetten har eit aldersspenn på tre generasjonar, og består av pianist Dag Arnesen – ein nestor i norsk jazz, som har samarbeidd tett med Elisabeth dei siste åra –, den anerkjende bassisten Ole Marius Sandberg og Sigurd Steinkopf, som er ein av landets aller mest spennande, unge trommeslagarar.
Resultatet er eit leikent og melodiøst uttrykk som strekker seg frå Keith Jarrett til Edvard Grieg, frå norsk samtidsjazz til John Coltrane og Joe Henderson

Elisabeth Lid Trøen – saksofon
Dag Arnesen – piano
Ole Marius Sandberg – bass
Sigurd Steinkopf – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev