Fredag 26. sep 2025 kl. 20:00

Treverket

Sogndal Kulturhus / Blaoboksen
Sogndal

Det spennande bandet frå Vestlandet, Treverket, har sluppe sitt etterlengta andrealbum “Et bedre sted” i januar, og er no på lanseringsturné.
Kjøp billettar ved å trykke på klokkeslettet over.
Treverket vert ofte kategorisert som eit jazzband, men bandet konsentrerar seg eigentleg mest om å lage spennande musikk på tvers av musikalske sjangre. Treverket har klare røter i den nordiske jazztradisjonen, men hentar og inspirasjon frå blant anna klassisk musikk, country, bluegrass, poprock og fri improvisasjon. Resultatet er fengjande, melodisk og utforskande musikk, krydra med svevande pedal steel og intense synthesizere.
Etter konserten på Nattjazz 2023 rapporterte Audun Vinger:
«…Noe er utstudert filmatisk, det er smektende americana og Hawaii-stemning, og islett av både country og afrobeat. Publikum elsker dette også, vi er som innkapslet i sardinboksen. Jeg tror de fleste festivaler kunne følt behovet for en gledesspreder som Treverket på sitt program.»
Treverket er eit prosjekt leia av Mathias Marstrander og Martin Hjetland, og består av ein bukett med kreative musikarar som kjem ut frå jazzmiljøet i Bergen. Sida debuten på Vill Vill Vest i 2022 har bandet blant anna spelt på Kulturhuset i Bergen, Nattjazz, Nasjonal Jazzscene, Dragefjellfestivalen og Jolajazz, samt gitt ut det kritikarroste debutalbumet “Tapte Sjelers Dal” (2023).
Med Treverket er kvar konsert eit eige eventyr, kvar låt ei musikalsk reise og kvar plate eit nytt konsept – Treverket
Den nye plata «Et bedre sted» vart spelt inn over fire dagar i Duper Studio med Iver Sandøy i januar 2024. Albumet er miksa av Mathias Marstrander og mastret av Jørgen Træen.
“En magisk konsertopplevelse! Festivalens første virkelige høydepunkt (…) Noen vendinger var så elegante, frekke og regelrett uforskammede at jeg tok meg selv i å le høyt av glede.” – Joakim Randa Berthelsen/Bergens Tidende

“I sum gjer dette krydderet musikken unik. Ein tvers igjennom sjarmerande debut” – Lars Mossefinn/Dag og Tid
“… musikken til dette bandet kan virke litt forvirrende, siden de skifter stil og stemning så ofte. Fra «space jazz» til country til storbyjazz av beste merke. En ytterst hyggelig time som lokalbefolkningen tydeligvis satte stor pris på” – Jan Granlie/Salt Peanuts

“Treverket er gøy, mer er det ikke å si om den saken.” – Bergens Tidende
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Tid og dato: Fredag 26. september. Dørene opnar kl. 19:00, konsert frå kl. 20:00. Dørene stenger 22:30.
Billettpris:
Ordinær: kr 249,-
Student/Under 18 år: kr 149,-
Ledsager/følgjekort: kr 0,- (hugs at den som eig følgjekortet skal betale ordinær billett).
Open Bar – 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne – fyll ut vergeskjema og ta med)

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev