Det er over 20 år sidan Torhild Ostad gav ut den vakre folketonesamlinga Blomar i moll. No er ho tilbake, denne gongen saman med den danske pianisten Carsten Dahl. I han har ho funne ei musikalsk tvillingsjel – saman har dei laga ei søkjande, kjenslevar, andfull og djup plate som ber tittelen Jeg roper til deg (2018). Her er nyskrivne melodiar og tekstar av Ostad, i tillegg til improvisasjonar og religiøse folketonar.
Gled dykk til å få oppleve Ostad og Dahl si vakre toneverd live på Vossa Jazz!
Torhild Ostad – vokal
Carsten Dahl – piano