Fredag 25. okt 2019 kl. 20:00

The Real Thing

Stord Jazzklubb / Grand Hotell
Stord

Nokre band MÅ berre inviterast tilbake til Stord, og dette er eitt av dei: The Real Thing. Fredag 25. oktober bør du kryssa av i kalenderen og ta turen til Stord Jazzklubb sitt lokale på Grand Hotell. Bandet har vore her to gonger før, sist i fjor vår, og alle blues- og jazzinteresserte vil garantert få nok ei stor musikkoppleving når dei entrar scenen denne kvelden.

Dette norsk-svenske souljazzbandet – med base i Oslo – har hatt stor suksess med sin utadvendte og svingande stil. Dette er, ifølgje dei sjølve, bandet som aldri går av scenen i tørr smoking! Dei gjev med andre ord alt under konsertane sine. Kvartetten debuterte i 1992 med albumet The Real Thing, og har gjeve ut fleire album. Musikken dei spelar er for det meste originalt materiale, og er ei blanding av amerikansk Blue Note-jazz (til dømes stilen til Jimmy Smith, George Benson og Wes Montgomery) og element frå moderne populærmusikk. Resultatet er ei blanding av swing, blues, funk og rock utøvd av nokre av dei beste musikarane Noreg har!

Etter at bandet gjekk i dvale nokre år, frå 2004 til 2010, samla dei seg att og har sidan reist land og strand rundt med sin fengjande hardtsvingande orgelbaserte souljazz. At dei har selt godt over 55.000 album, seier også sitt.

Bandet trakk fullt hus på Arena både i fjor og då dei spelte på Stord Jazz- og Bluesfestival for nokre år sidan.

Bandet:
Staffan William-Olsson – gitar
Paul Wagnberg – hammondorgel/B3
Hermund Nygård – trommer
Dave Edge – saksofon

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev