Fredag 12. apr 2019 kl. 23:59

The End

Vossa Jazz / Park
Voss

Apokalypse no, på Vossa Jazz! Då supersaksofonist Kjetil Møster gjekk i studio saman med dette fantastiske utvalet av ville rebellar innan støymusikk, jazz, alternativ rock og improvisasjonsmusikk oppstod det ein sonisk malstraum av eit slikt mørkt og eksplosivt kaliber at bandnamnet kom av seg sjølv: THE END.

Dette er kompromisslaus og eksperimenterande musikk som utspelar seg i vekselspenning mellom det stygge og det vakre, det atonale og det melodiske, kaos og orden – bandet balanserer virtuost på randen av kortslutning. Medlemmane er kjende frå band som Møster!, The Thing, Fire! Orchestra, MoHa!, Ultralyd, Noxagt, Deerhof og Cloroform.

Debutalbumet Svårmod och Vemod är Värdesinnen kom ut på plateselskapet RareNoise i 2018 til svært gode omtalar. Under treffande titlar som «Et geriljaangrep» (Klassekampen) og «Gir deg en på trynet» (Bergens Tidende) prisar kritikarane det leikne, råe og ville uttrykket i skjæringspunktet «mellom samspill og sammenbrudd» (Klassekampen) som ein finn i dette «bikkjeslågsmålet av et album» (BT).

Sofia Jernberg – vokal
Mats Gustafsson – baryton- og tenorsaksofon, elektronikk
Kjetil Møster – baryton- og tenorsaksofon, elektronikk
Anders Hana – barytongitar
Børge Fjordheim – trommer

Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten. 18 års aldersgrense.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev