Lørdag 29. mai 2021 kl. 15:00

Svein Olav Herstad Trio

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Svein Olav Herstad Trio er eit ensemble som forutan Svein Olav Herstad på piano, består av Magne Thormodsæter på kontrabass og Håkon Mjåset Johansen på trommer. Trioen har eksistert i snart 30 år, men i den noverande forma sidan 2004. Dei har gjennom dei 17 åra dei har samarbeida, utvikla ein sound som oppstår ved å utforska mogleikane det akustiske formatet gir. Dei er ein moderne trio, som også kan bruka tradisjonelt materiale.

Deira nye album «Schizo» er ein hyllest til dei som har ein tanke eller to for mykje i hovudet. Dette er trioen si sjuande utgiving, og den fjerde med noverande besetning. «Schizo» tar med seg element frå dei tidlegere platene, som høgenergisk jazzmusikk og balladar. Plata har eit bredt uttrykk, kor musikarane improviserer saman gjennom eigen og andre sin musikk, på ein utsøkt måte.

Svein Olav Herstad – piano
Magne Thormodsæter – kontrabass
Håkonn Mjåset Johansen – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev