Jazzensemblet Stette Collective framfører «Mellomtiden», det første heilaftans stykket til komponist, saksofonist og student Sivert Stette.
Sivert Svendsen Stette er komponist og saksofonist i Stette Collective, eit jazzensemble beståande av 16 musikarar. Han går i 2. klasse på Bahelorstudiet i musikkpedagogikk (KAMP) på NMH, og bruker mykje av fritida si på å drifte diverse band. «Mellomtiden» er hans første heilaftans verk for jazzensemblet, og ensemblet består av studentar både frå utøvande jazz og klassiske linjer, FRIKA og KAMP. I tillegg er eminente Atle Nymo med som supervikar for anledninga.
Program
Sivert Stette
Esoteric Collective 1. Solistar: Markus Dyrud (trompet) og Ester Aasland (bassklarinett)
Offline & Homegrown. Solistar: Atle Nymo og Sivert Stette (saksofon), Oskar Andersen (akkordeon)
Lugubralesis. Solist: Sivert Stette (saksofon)
Esoteric Collective II. Solistar: Jens Koppang (trombone), Julie Martine Vestrheim (vokal), Victor Middleton (trombone) og Sivert Stette (saksofon)
Medverkande
Eira Elise Øverås og Markus Dyrud (trompet)
Maja Källström (baritonsaksofon)
Sivert Svendsen Stette (saksofonar)
Atle Nymo (altsaksofon)
Ester Aasland (bassklarinett)
Guro Kitterød og Victor Middleton og Jens Koppang (trombone)
Simon Mørland (tuba)
Åsmund Skjeldal Waage (vibrafon)
Ingrid Matilde Mæland (fiolin)
Oskar Walter Andersen (akkordeon)
Nichlas Gordon Sørum Sim (kontrabass)
Henning Lillehaug (trommer)
Julie Martine Vestrheim (vokal)
Konserten er ein del av Noregs musikkhøgskoles 50-årsjubileum.
Foto: Rein Aasland