Melodisk og uendeleg vakker historieforteljing
Varm tone, lågmælt men intenst. Stacey Kent bruker diskrete verkemiddel for å få deg til å sitja ytterst på stolkanten, men ho klarar det. Som ein av dei store jazzoppdagingane på 2000-talet er ho mellom dei mest populære artistane på Blue Note, er nominert til Grammypris, og har vunne BBC Jazz Awards som beste vokalist. – Stacey Kent is a revelation.There is nobody singing today who can compare with her. She has the style of the greats, like Billie Holiday and Ella Fitzgerald. And she sings the words like Nat Cole – clean, clear and almost conversational with perfect phrasing. And that’s as good as it gets. (Jay Livingstone).