Lørdag 13. apr 2019 kl. 16:00

Spacemusic Ensemble

Vossa Jazz / Osasalen
Voss

Spacemusic Ensemble er den nye sekstetten til det danske «saksofenomenet» Signe Emmeluth, som er utdanna ved jazzlina i Trondheim og no er basert i Oslo. Trass sin unge alder har ho allereie gjort seg bemerka med kvartetten Konge (som består av tungvektarane Mats Gustavsson, Ole Martin Vågan og Kresten Osgood), sitt eige band Emmeluth’s Amoeba, og gjennom samspel med mellom andre Paal Nilssen-Love, John Edwards og Mette Rasmussen.

Spacemusic Ensemble består av ei rekkje fremadstormande musikarar frå band som Rohey og Megalodon Collective. På Vossa Jazz skal dei framføra det nye verket Spacemusic 2, som kombinerer akustisk og elektronisk lyd med tekst og stemme, og viser korleis improvisasjon og komposisjon kan berika kvarandre og gje plass til individuelle stemmer i musikken.

Signe Emmeluth – saksofon, no-input mixer, komposisjon
Rohey Taalah – vokal
Karl Bjorå – gitar, no-input mixer
Andreas Winther – trommer, synth
Gousté Tamulynaitë – piano, synth
Magnus Breivik Løvseth – tuba, effekter

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev